2月5日的Wattn应用程序分析
Wattn
- Wattn AS
- Apple 应用商店
- 免费
- 公共事业
Få full kontroll over straumforbruket ditt i appen, og kom raskt i gong med smarte tiltak. Målet vårt i Wattn er å gjere det enkelt for deg å redusere straumforbruket, og spare både dine og jorda sine ressursar.
Smart innsikt fører til smarte val
Smart tekologi og analyse gjer at du kan få berekna straumkostnadane, straumforbruket og klimaavtrykket ditt. Ved å slå på varslingar i appen får du melding om når på dagen straumprisen er lågast.
Sanntidsdata på straumen
Med WattMeter kan du følgje straumforbruket i sanntid rett frå mobilen. Du ser nøyaktig kor mykje straum du brukar akkurat no, og kva den kostar. Sånn oppdagar du unødvendig straumforbruk, og kan ta grep med ein gong.
Smartare lading i appen
Lad elbilen automatisk når straumprisen er lågast og det er minst belastning på straumnettet. På den måten ladar du alltid på den beste måten for klimaet og for lommeboka.
Sjå klimaavtrykket ditt
Som med alt anna har straum også eit fotavtrykk. I appen kan du sjå estimert klimaavtrykk for ditt straumforbruk.
For oss handlar det om å bruke straumen smartare. Smart teknologi gir oss enorme mogelegheiter til å redusere straumforbruket og spare klimaet, og vi hjelp deg til å dra nytte av desse mogelegheitane i kvardagen.
Wattn er eit nytt og spennande straumselskap eigd av TAFJORD, Sogn og Fjordane Energi, Tussa og Sognekraft, og leverar straum til kundar i heile Norge. Wattn har i dag kontor i Ålesund, Sandane, Florø, Førde, Ørsta, Vik i Sogn, Stryn og Kvinnherad.
Tilgjengeerklaering:
https://www.getbright.se/accessibility-statement-app?org=WATTN
商店排名
商店排名基于 Google 和 Apple 设置的多个参数。
所有品类在
美国--
公共事业在
美国--
创建账号以查看平均每月下载量联系我们
动态Wattn排名统计
Wattn的 Similarweb 使用排名和Apple 应用商店排名
排名
没有可用的数据
二月 5, 2026